11927_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11927
Små endringar i byggjekostnadene
statistikk
2001-06-08T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadermai 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader viste ingen endring frå april til mai i år, mens materialkostnadene auka med 0,1 prosent i same periode.

Materialkostnadene til elektrikararbeid har endra seg mest, med 0,5 prosent frå april til mai for både einebustader av tre og bustadblokker. Materialkostnadene for røyrleggjararbeid steig med 0,4 prosent for begge bustadtypane.

5,1 prosent auke siste året

Byggjekostnadene for bustader steig med 5,1 prosent frå mai i fjor til mai i år. Materialkostnadene for bustader auka med 4,8 prosent i same periode. Delindeksane for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 7,4 prosent for einebustader og 7,3 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Mai 2001 Endring i prosent
  April-mai 2001 Mai 2000-mai 2001
Bustader i alt1 106,2 0,0 5,1
Bustader i alt, materialar 106,3 0,0 4,8
       
Einebustader av tre 106,2 0,0 5,1
Einebustader av tre, materialar 106,3 0,1 4,8
       
Bustadblokker 106,3 0,1 5,2
Bustadblokker, materialar 106,6 0,2 4,8
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre
og bustadblokker.