11925_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11925
Byggjekostnadene auka 0,3 prosent
statistikk
2001-07-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderjuni 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene auka 0,3 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,3 prosent frå mai til juni i år, mens materialkostnadene ikkje viste nokon endring i same periode.

Delindeksane for måling, tapet og legging av golvbelegg steig mest, med 0,5 prosent for begge bustadtypane, mens elektrikararbeid auka med respektive 0,5 og 0,4 prosent for einebustader og bustadblokker.

5,1 prosent auke siste året

Byggjekostnadene for bustader steig med 5,1 prosent frå juni i fjor til juni i år. Materialkostnadene for bustader auka med 4,6 prosent i same periode. Delindeksane for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 7,8 prosent for einebustader og 7,6 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Juni 2001 Endring i prosent
  Mai-juni 2001 Juni 2000-juni 2001
Bustader i alt1 106,5 0,3 5,1
Bustader i alt, materialar 106,4 0,0 4,6
       
Einebustader av tre 106,5 0,3 5,1
Einebustader av tre, materialar 106,3 0,0 4,6
       
Bustadblokker 106,6 0,3 5,3
Bustadblokker, materialar 106,6 0,0 4,5
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre
og bustadblokker.