11921_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11921
Små endringar i byggjekostnadene
statistikk
2001-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderaugust 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,1 prosent frå juli til august i år. Materialkostnadene auka med 0,2 prosent i same periode.

Materialkostnadene for måling, tapetsering og legging av golvbelegg har endra seg mest, med 0,7 prosent for både einebustader av tre og bustadblokker. For dei andre materialkostnadene er det små endringar frå juli til august i år.

Frå august i fjor til august i år auka byggjekostnadene for bustader med 4,9 prosent. Materialkostnadene steig med 4,1 prosent. Delindeksane for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 7,8 prosent for einebustader og 7,5 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  August 2001 Endring i prosent
  Juli-august 2001 August 2000-august 2001
Bustader i alt1 106,9 0,1 4,9
Bustader i alt, materialar 107,0 0,2 4,1
       
Einebustader av tre 106,8 0,1 4,8
Einebustader av tre, materialar 107,0 0,2 4,1
       
Bustadblokker 106,9 0,1 5,1
Bustadblokker, materialar 107,3 0,1 4,3
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.