11917_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11917
Byggjekostnadene opp 4,1 prosent
statistikk
2001-11-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderoktober 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 4,1 prosent

Årsveksten til byggjekostnadene for bustader er fallande. Etter å ha lege på 5,4 prosent i byrjinga av året er årsveksten no nede i 4,1 prosent.

Dei siste 12 månader har materialkostnadene auka med 4,0 prosent mot 5,1 prosent i byrjinga av 2001. Kostnadene for elektrikararbeid har stige mest det siste året, med 7,5 prosent for einebustader og 7,2 prosent for bustadblokker.

Frå september til oktober i år steig byggjekostnadene for bustader med 0,1 prosent. Kostnadene for røyrleggjararbeid har endra seg mest den siste månaden, med 0,5 prosent for både einebustader av tre og bustadblokker. For dei andre delindeksane er det auke på opp til 0,2 prosent frå september til oktober i år.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Oktober 2001 Endring i prosent
  September-oktober 2001 Oktober 2000-oktober 2001
Bustader i alt1 107,6 0,1 4,1
Bustader i alt, materialar 107,4 0,1 4,0
       
Einebustader av tre 107,5 0,1 4,0
Einebustader av tre, materialar 107,3 0,1 4,0
       
Bustadblokker 107,7 0,1 4,3
Bustadblokker, materialar 107,8 0,2 4,2
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.