11913_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11913
Dyrare handverkarar aukar byggjeprisen
statistikk
2002-01-17T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderdesember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Dyrare handverkarar aukar byggjeprisen

Byggjekostnadene for bustader steig med 4,1 prosent frå desember 2000 til desember 2001. Kostnadene til elektrikarar og røyrleggjarar auka mest, men materialkostnadene steig også.

Det siste året auka delindeksen for elektrikararbeid med 6,4 prosent for einebustader og 6,3 prosent for bustadblokker. Delindeksen for røyrleggjararbeid steig med respektive 5,5 og 6,2 prosent for einebustader og bustadblokker. Dei andre delindeksane auka mellom 1,5 og 4,3 prosent i same periode.

Lønsstatistikk for 3. kvartal 2001 er tatt inn i byggjekostnadsindeksen for desember og medverka til at byggjekostnadene for bustader auka med 0,9 prosent frå november til desember i fjor. Materialkostnadene for bustader auka med 0,1 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Desember 2001 Endring i prosent
  November-desember 2001 Desember 2000-desember 2001
Bustader i alt1 108,6 0,9 4,1
Bustader i alt, materialar 107,6 0,1 3,9
       
Einebustader av tre 108,6 0,9 4,1
Einebustader av tre, materialar 107,5 0,1 3,9
       
Bustadblokker 108,9 1,1 4,3
Bustadblokker, materialar 108,1 0,0 4,0
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.