11911_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11911
Byggjekostnadene opp 3,2 prosent
statistikk
2002-02-08T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderjanuar 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 3,2 prosent

12-månadersveksten fall frå 4,1 prosent i desember 2001 til 3,2 prosent i januar 2002. For eit år sidan var 12-månadersveksten 5,4 prosent. Nedgangen kjem i hovudsak av lågare transport- og maskinkostnader. Men også arbeidskraftskostnadene og materialkostnadene aukar mindre enn for eit år sidan.

Arbeidskraftskostnadene steig med 4,0 prosent frå januar 2001 til januar 2002, mens materialkostnadene auka med 2,9 prosent. Kostnadene for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med i overkant av 6 prosent.

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,2 prosent frå desember 2001 til januar 2002. Materialkostnadene auka med 0,6 prosent, mens arbeidskraftskostnadene gjekk ned med 0,4 prosent i same periode. Kostnadene for elektrikararbeid har endra seg mest den siste månaden, med respektive 1,9 og 1,7 prosent for einebustader og bustadblokker. For dei andre delindeksane er det auke på opp til 0,7 prosent i same periode.

Ny indeks for arbeidskraftskostnader

Statistisk sentralbyrå startar publisering av ein ny delindeks som viser utviklinga til arbeidskraftskostnadene for bustadbygg. Indeksen publiserast med tal tilbake frå januar 2000.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Januar 2002 Endring i prosent
  Desember 2001-januar 2002 Januar 2001-januar 2002
Bustader i alt1 108,8 0,2 3,2
Bustader i alt, arbeidskraft 110,4 -0,4 4,0
Bustader i alt, materialar 108,2 0,6 2,9
       
Einebustader av tre 108,8 0,2 3,2
Einebustader av tre, materialar 108,1 0,6 2,8
       
Bustadblokker 109,1 0,3 3,7
Bustadblokker, materialar 109,0 0,8 3,7
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.