11903_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11903
Byggjekostnadene opp 0,4 prosent
statistikk
2002-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadermai 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 0,4 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,4 prosent frå april til mai i år. Arbeidskraftkostnadene auka med 0,8 prosent, mens materialkostnadene heldt seg uendra i same periode.

Av delindeksane var det kostnadene for grunnarbeid som auka mest med 0,6 prosent frå april til mai både for einebustader og bustadblokker. Dei andre delindeksane auka mellom 0,2 og 0,4 prosent.

Høgast årsvekst i elektrikarkostnadene

Frå mai i fjor til mai i år steig byggjekostnadene for bustader med 3,6 prosent. Materialkostnadene auka med 2,5 prosent og arbeidskraftkostnadene steig med 5,2 prosent i same periode. Delindeksane for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 6,3 prosent for einebustader og 6,2 prosent for bustadblokker.

Lønsstatistikk for 1. kvartal 2002 er teke inn i byggjekostnadsindeksen for mai og medverka til at arbeidskraftkostnadene auka i mai.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Mai 2002 Endring i prosent
  April-mai 2002 Mai 2001-mai 2002
Bustader i alt1  110,0 0,4 3,6
Bustader i alt, arbeidskraft  111,9 0,8 5,2
Bustader i alt, materialar  109,0 0,0 2,5
       
Einebustader av tre  109,9 0,4 3,5
Einebustader av tre, materialar  108,8 0,0 2,4
       
Bustadblokker  110,4 0,4 3,9
Bustadblokker, materialar  110,1 0,1 3,3
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre
og bustadblokker.