Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 0,7 prosent
Byggjekostnadene for bustader steig med 0,7 prosent frå juli til august i år. Arbeidskraftkostnadene auka med 1,5 prosent, mens materialkostnadene steig med 0,2 prosent i same periode.
Materialkostnadene for tømring og snekring auka mest den siste månaden, med 0,3 prosent for einebustader og 0,2 prosent for bustadblokker.
Høgast årsvekst i elektrikarkostnadene
Frå august i fjor til august i år steig byggjekostnadene for bustader med 3,8 prosent. Materialkostnadene auka med 2,4 prosent og arbeidskraftkostnadene steig med 6,2 prosent i same periode. Delindeksane for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 5,4 prosent for både einebustader og bustadblokker.
Lønsstatistikk for 2. kvartal 2002 er teke inn i byggjekostnadsindeksen for august og medverka til at arbeidskraftkostnadene auka frå juli til august.
Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100 |
August 2002 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli-august 2002 | August 2001-august 2002 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 111,0 | 0,7 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 113,6 | 1,5 | 6,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 109,6 | 0,2 | 2,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 110,9 | 0,7 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 109,4 | 0,2 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 111,4 | 0,8 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 110,5 | 0,1 | 3,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12