11895_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11895
Små endringar i byggjekostnadene
statistikk
2002-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderseptember 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,1 prosent frå august til september i år. Materialkostnadene auka med 0,2 prosent i same periode.

Materialkostnadene for røyrleggjararbeid auka mest den siste månaden, med 2,5 prosent for einebustader og 1,9 prosent for bustadblokker.

Frå september i fjor til september i år steig byggjekostnadene for bustader med 3,3 prosent. Materialkostnadene auka med 2,3 prosent og arbeidskraftkostnadene steig med 5,0 prosent i same periode. Delindeksen for røyrleggjararbeid i einebustader har stege mest det siste året, med 6,3 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  September 2002 Endring i prosent
  August-september 2002 September 2001-september 2002
Bustader i alt1  111,1 0,1 3,3
Bustader i alt, arbeidskraft  113,6 0,0 5,0
Bustader i alt, materialar  109,8 0,2 2,3
       
Einebustader av tre  111,0 0,1 3,3
Einebustader av tre, materialar  109,5 0,1 2,1
       
Bustadblokker  111,5 0,1 3,6
Bustadblokker, materialar  110,8 0,3 3,0
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.