11891_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11891
Inga endring i byggjekostnadene
statistikk
2002-12-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadernovember 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Inga endring i byggjekostnadene

Byggjekostnadsindeksen for bustader viser inga endring frå oktober til november i år.

Frå november i fjor til november i år steig byggjekostnadene for bustader med 3,3 prosent. Materialkostnadene auka med 2,2 prosent og arbeidskraftkostnadene steig med 5,0 prosent i same periode.

Byggjekostnadene for bustadblokker auka mest siste året med 3,7 prosent, mens einebustader steig med 3,3 prosent. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader auka med respektive 2,5 og 2,1 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  November 2002 Endring i prosent
  Oktober-november 2002 November 2001-november2002
Bustader i alt1  111,2 0,0 3,3
Bustader i alt, arbeidskraft  113,6 0,0 5,0
Bustader i alt, materialar  109,9 0,0 2,2
       
Einebustader av tre  111,1 0,0 3,3
Einebustader av tre, materialar  109,7 0,0 2,1
       
Bustadblokker  111,7 0,1 3,7
Bustadblokker, materialar  110,8 -0,1 2,5
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.