11885_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11885
Byggjekostnadene opp 0,5 prosent
statistikk
2003-03-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderfebruar 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 0,5 prosent

Byggjekostnadsindeksen for bustader steig med 0,5 prosent frå januar til februar i år. Materialkostnadene auka med 0,2 prosent i same periode.

Den siste månaden steig byggjekostnadene for bustadblokker og einebustader med respektive 1,3 og 0,5 prosent. I same periode auka materialkostnadene for tømring og snekring mest med 0,4 prosent for einebustader og 0,3 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadene for bustader steig med 3,9 prosent siste året. Materialkostnadene auka med 2,2 prosent i same periode. Frå februar i fjor til februar i år steig kostnadene for elektrikararbeid mest for bustadblokker med 5,4 prosent, mens røyrleggjarkostnadene auka mest for einebustader med 5,4 prosent. Dei andre delindeksane auka mellom 1,8 og 5,0 prosent i same periode

Lønsstatistikk for 4. kvartal 2002 er teke inn i byggjekostnadsindeksen for februar og medverka til at arbeidskraftkostnadene for bustader auka med 0,3 prosent frå januar til februar i år.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  Februar 2003 Endring i prosent
  Januar-februar 2003 Februar 2002-februar 2003
Bustader i alt1  111,2 0,5 3,9
Bustader i alt, arbeidskraft  114,5 0,3 5,4
Bustader i alt, materialar  108,5 0,2 2,2
       
Einebustader av tre  110,9 0,5 3,7
Einebustader av tre, materialar  108,4 0,3 2,2
       
Bustadblokker  112,9 1,3 5,0
Bustadblokker, materialar  109,2 0,1 2,2
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og
bustadblokker.