11883_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11883
Byggjekostnadene opp 3,7 prosent
statistikk
2003-04-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadermars 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 3,7 prosent

Byggjekostnadsindeksen for bustader steig med 3,7 prosent frå mars i fjor til mars i år. Materialkostnadene auka med 2,3 prosent i same periode.

Byggjekostnadene for bustadblokker steig med 4,6 prosent, mens einebustader auka med 3,5 prosent siste året. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader auka med respektive 2,0 og 2,2 prosent i same periode.

Frå mars i fjor til mars i år steig kostnadene for røyrleggjararbeid mest, med 6,4 prosent for einebustader og 6,0 prosent for bustadblokker. Dei andre delindeksane auka mellom 1,7 og 4,9 prosent i same periode.

Den siste månaden steig byggjekostnadene for einebustader med 0,3 prosent, mens kostnadene for bustadblokker var uendra. I same periode auka materialkostnadene for røyrleggjar mest med 3,5 prosent for einebustader og 3,4 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  Mars 2003 Endring i prosent
  Februar-mars 2003 Mars 2002-mars 2003
Bustader i alt1  111,5 0,3 3,7
Bustader i alt, arbeidskraft  114,5 0,0 4,9
Bustader i alt, materialar  109,0 0,5 2,3
       
Einebustader av tre  111,2 0,3 3,5
Einebustader av tre, materialar  108,8 0,4 2,2
       
Bustadblokker  112,9 0,0 4,6
Bustadblokker, materialar  109,6 0,4 2,0
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre
og bustadblokker.