11881_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11881
Små endringar i byggjekostnadene
statistikk
2003-05-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderapril 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadsindeksen for bustader minka med 0,1 prosent frå mars til april i år. Materialkostnadene auka med 0,1 prosent i same periode.

Den siste månaden minka byggjekostnadene for bustadblokker og einebustader med respektive 0,4 og 0,1 prosent. I same periode auka materialkostnadene med 0,2 prosent for både einebustader og bustadblokker.

Frå april i fjor til april i år steig byggjekostnadene for bustadblokker med 4,2 prosent, mens einebustader steig med 3,3 prosent. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader auka med respektive 2,0 og 2,3 prosent i same periode.

Kostnadene for røyrleggjararbeid i einebustader steig mest siste året, med 6,1 prosent. Tilsvarande auke for røyrleggjararbeid i bustadblokker var 5,6 prosent. Dei andre delindeksane auka mellom 1,6 og 4,8 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  April 2003 Endring i prosent
  Mars-april 2003 April 2002-april 2003
Bustader i alt1  111,4 -0,1 3,5
Bustader i alt, arbeidskraft  114,5 0,0 4,9
Bustader i alt, materialar  109,1 0,1 2,2
       
Einebustader av tre  111,1 -0,1 3,3
Einebustader av tre, materialar  109,0 0,2 2,3
       
Bustadblokker  112,5 -0,4 4,2
Bustadblokker, materialar  109,8 0,2 2,0
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av
tre og bustadblokker.