11879_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11879
Liten nedgang i byggjekostnadene
statistikk
2003-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadermai 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten nedgang i byggjekostnadene

Byggjekostnadsindeksen for bustader minka med 0,1 prosent frå april til mai i år. Materialkostnadene auka med 0,1 prosent i same periode.

Den siste månaden minka byggjekostnadene for bustadblokker med 0,4 prosent, mens einebustader heldt seg uendra. I same periode auka materialkostnadene med 0,1 prosent for bustadblokker. For einebustader var det inga endring frå april til mai i år.

Byggjekostnadene for bustader steig med 3,1 prosent siste året. Materialkostnadene auka med 2,2 prosent i same periode. Frå mai i fjor til mai i år steig kostnadene for røyrleggjararbeid mest for einebustader med 5,7 prosent. Tilsvarande auke for røyrleggjararbeid i bustadblokker var 5,3 prosent. Dei andre delindeksane auka mellom 0,7 og 4,4 prosent i same periode.

Lønsstatistikk for 1. kvartal 2003 er teke inn i byggjekostnadsindeksen for mai og medverka til at arbeidskraftkostnadene for bustader auka med 0,6 prosent frå april til mai i år.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  Mai 2003 Endring i prosent
  April-mai 2003 Mai 2002-mai 2003
Bustader i alt1  111,3 -0,1 3,1
Bustader i alt, arbeidskraft  115,2 0,6 4,6
Bustader i alt, materialar  109,2 0,1 2,2
       
Einebustader av tre  111,1 0,0 3,0
Einebustader av tre, materialar  109,0 0,0 2,3
       
Bustadblokker  112,1 -0,4 3,4
Bustadblokker, materialar  109,9 0,1 2,0
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader
av tre og bustadblokker.