Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabile byggjekostnader
Dei totale byggjekostnadene for bustader viste inga endring frå juni til juli i år. Materialkostnadene steig med 0,2 prosent i same periode, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Byggjekostnadene for bustader auka med 2,9 prosent frå juli i fjor til juli i år. Materialkostnadene steig med 2,1 prosent og arbeidskraftkostnadene auka med 4,6 prosent i same periode.
Byggjekostnadene for bustadblokker auka mest siste året med 3,1 prosent, mens einebustader steig med 2,8 prosent. Materialkostnadene for einebustader og bustadblokker auka med respektive 2,1 og 2,0 prosent i same periode.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
Juli 2003 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juni-juli 2003 | Juli 2002-juli 2003 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 111,3 | 0,0 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 115,2 | 0,0 | 4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 109,5 | 0,2 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 111,1 | 0,0 | 2,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 109,3 | 0,1 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 111,9 | -0,1 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 110,2 | 0,1 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre
og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12