Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 0,4 prosent
Dei totale byggjekostnadene for bustader steig med 0,4 prosent frå juli til august i år. Materialkostnadene auka med 0,1 prosent i same periode.
Auken i byggjekostnadene har sin årsak i at lønsstatistikk for 2. kvartal 2003 er teke inn i byggjekostnadsindeksen for august. Dette medverka til at arbeidskraftkostnadene for bustader auka med 1,0 prosent frå juli til august i år.
Den siste månaden steig byggjekostnadene for einebustader og bustadblokker med respektive 0,5 og 0,4 prosent.
Byggjekostnadene for bustader steig med 2,5 prosent siste året. Materialkostnadene auka 2,0 prosent i same periode. Frå august i fjor til august i år auka kostnadene for røyrleggjararbeid mest, med respektive 5,5 og 5,0 prosent for einebustader og bustadblokker.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
August 2003 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli-august 2003 | August 2002-august 2003 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 111,7 | 0,4 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 116,3 | 1,0 | 4,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 109,6 | 0,1 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 111,6 | 0,5 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 109,4 | 0,1 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 112,3 | 0,4 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 110,3 | 0,1 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og
bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12