Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Dyrare med røyrleggjar og elektrikar
Installasjonskostnadene for røyrleggjar- og elektrikararbeid i einebustader og bustadblokker auka med mellom 4,6 og 4,9 prosent frå oktober i 2002 til oktober i 2003. Dei totale byggjekostnadene for bustader steig med 2,6 prosent i same periode.
Byggjekostnadene for bustadblokker steig med 2,9 prosent, mens einebustader auka med 2,5 prosent. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader auka med 1,9 og 2,1 prosent.
Frå september til oktober i år auka byggjekostnadene for både einebustader og bustadblokker med 0,2 prosent, medan materialkostnadene for einebustader og bustadblokker steig med 0,2 og 0,3 prosent.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
Oktober 2003 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September-
oktober 2003 |
Oktober 2002-
oktober 2003 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 112,0 | 0,1 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 116,3 | 0,0 | 4,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 110,0 | 0,3 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 111,9 | 0,2 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 109,8 | 0,2 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 112,8 | 0,2 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 110,8 | 0,3 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12