Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i materialkostnadene
Materialkostnadene for bustader auka med 0,5 prosent, mens byggjekostnadene for bustader i alt steig med 0,4 prosent frå desember i fjor til januar i år.
Den siste månaden auka materialkostnadene til elektrikar mest, med respektive 3,1 og 3,0 prosent for einebustader og bustadblokker.
Frå januar i fjor til januar i år steig byggjekostnadene for bustader med 2,3 prosent, mens materialkostnadene auka med 2,2 prosent. Det siste året auka kostnadene for både røyrleggjar- og elektrikararbeid med mellom 4,4 og 4,8 prosent for bustadblokker og einebustader. Dei andre delindeksane auka mellom 0,4 og 4,0 prosent.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
Januar 2004 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Desember 2003-januar 2004 | Januar 2003-januar 2004 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 113,1 | 0,4 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 118,1 | 0,1 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 110,7 | 0,5 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 112,9 | 0,3 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 110,5 | 0,5 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 114,1 | 0,4 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 111,5 | 0,6 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vegen indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12