Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i byggjekostnadene
Frå februar i fjor til februar i år steig byggjekostnadene for bustader med 1,9 prosent, mens materialkostnadene auka med 2,2 prosent i same periode.
Byggjekostnadene for einebustader steig med 2,0 prosent, mens bustadblokker auka med 1,2 prosent. I same periode steig materialkostnadene til bustadblokker og einebustader med respektive 2,4 og 2,1 prosent.
Byggjekostnadene for einebustader og bustadblokker steig begge med 0,2 prosent frå januar til februar i år. Materialkostnadene auka med respektive 0,2 og 0,3 prosent for einebustader og bustadblokker i same periode. Lønsstatistikk for 4. kvartal 2003 er teken inn i byggjekostnadene for februar og medverka til at arbeidskraftkostnadene steig med 0,1 prosent frå januar til februar i år.
Den siste månaden auka materialkostnadene til elektrikar mest, med respektive 0,2 og 0,3 prosent for einebustader og bustadblokker.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
Februar 2004 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar-
februar 2004 |
Februar 2003-
februar 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 113,3 | 0,2 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 118,2 | 0,1 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 110,9 | 0,2 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 113,1 | 0,2 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 110,7 | 0,2 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 114,3 | 0,2 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 111,8 | 0,3 | 2,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av
einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12