Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Dyrare materialar til røyrleggjararbeid
Materialkostnadene til røyrleggjararbeid i einebustader og bustadblokker steig med høvesvis 3,9 og 4,8 prosent frå februar til mars i år. Røyrleggjarkostnadene i alt auka med respektive 2,3 og 2,8 prosent for einebustader og bustadblokker i same periode.
Dei totale byggjekostnadene for bustader steig med 0,4 prosent frå februar til mars 2004. Materialkostnadene auka med 0,7 prosent i same periode.
Byggjekostnadene for bustader auka med 2,0 prosent frå mars 2003 til mars 2004. Arbeidskraftkostnadene og materialkostnadene auka med respektive 3,2 og 2,5 prosent i same periode. Kostnadene for røyrleggjararbeid og elektrikararbeid steig siste året med mellom 4,0 og 5,4 prosent avhengig av bustadtype og type arbeid. Til samanlikning er kostnadene til grunnarbeid om lag uendra og kostnadene til tømring og snikring har berre auka med 1,5 prosent siste året.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
Mars 2004 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Februar-
mars 2004 |
Mars 2003-
mars 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 113,7 | 0,4 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 118,2 | 0,0 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 111,7 | 0,7 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 113,5 | 0,4 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 111,4 | 0,6 | 2,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 114,8 | 0,4 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 113,1 | 1,2 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av
einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12