Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka stålprisar
Materialkostnadene for bustadblokker steig med 1,3 prosent frå mars til april i år. Det har si årsak i auka stålprisar. For einebustader steig materialkostnadene med 0,7 prosent i same periode.
Dei totale byggjekostnadene for bustader auka med 0,4 prosent frå mars til april 2004. Materialkostnadene steig med 0,8 prosent i same periode.
Byggjekostnadene for bustader auka med 2,5 prosent frå april 2003 til april 2004. Arbeidskraftkostnadene og materialkostnadene steig begge med 3,2 prosent i same periode. Kostnadene for røyrleggjararbeid og elektrikararbeid steig siste året med mellom 4,5 og 5,7 prosent avhengig av bustadtype og type arbeid.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
April 2004 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mars-
april 2004 |
April 2003-
april 2004 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 114,2 | 0,4 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 118,2 | 0,0 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 112,6 | 0,8 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 114,0 | 0,4 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 112,2 | 0,7 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 115,3 | 0,4 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 114,6 | 1,3 | 4,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks
av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12