Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten auke i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader auka med 0,3 prosent frå april til mai i år. Lønsstatistikk for første kvartal 2005 er teken inn i byggjekostnadene for mai 2005. Frå mai i fjor til mai i år auka byggjekostnadene for bustader med 3,6 prosent.
Byggjekostnadene for bustadblokker steig mest siste året med 4,1 prosent, mens einebustader av tre auka med 3,5 prosent. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader av tre auka med respektive 6,3 og 4,2 prosent i same periode.
Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
Mai 2005 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April-mai 2005 | Mai 2004-mai 2005 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 118,6 | 0,3 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 122,1 | 0,4 | 2,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 117,9 | 0,3 | 4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 118,2 | 0,3 | 3,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 116,9 | 0,2 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 117,6 | 0,3 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 115,9 | 0,2 | 3,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 120,4 | 0,3 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 122,3 | 0,2 | 6,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12