11795_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11795
Byggjekostnadene opp 1,4 prosent
statistikk
2006-12-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadernovember 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 1,4 prosent

Byggjekostnadene for bustader auka med 1,4 prosent frå oktober til november i år. Lønsstatistikk for 3. kvartal 2006 er teken inn i byggjekostnadene og er hovudårsaka til kostnadsauken.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå den same månaden året før

Arbeidskraftkostnaden steig med 3,6 prosent frå oktober til november i år, medan materialkostnadene auka med 0,3 prosent.

Kostnadene for bustadblokker og einebustader av tre steig begge med 1,4 prosent frå oktober til november i år. Materialkostnadene auka med respektive 0,4 og 0,2 prosent i den same perioden.

Frå november i fjor til november i år steig byggjekostnadene for bustader med 5,2 prosent, medan materialkostnadene auka med 5,4 prosent i den same perioden. Kostnadene for bustadblokker steig med 5,4 prosent, mens einebustader av tre auka med 5,2 prosent. Materialkostnadene steig med respektive 5,8 og 5,2 prosent det siste året.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  November 2006 Endring i prosent
  Oktober 2006-
november 2006
November 2005-
november 2006
Bustader i alt1  126,8 1,4 5,2
Bustader i alt, arbeidskraft  132,6 3,6 5,7
Bustader i alt, materialar  125,0 0,3 5,4
       
Einebustader av tre  126,1 1,4 5,2
Einebustader av tre, materialar  123,5 0,2 5,2
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid  125,4 1,4 5,3
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar  122,6 0,2 5,1
       
Bustadblokker  129,7 1,4 5,4
Bustadblokker, materialar  130,9 0,4 5,8
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

tlf. 62 88  54 64.

Tabeller: