11789_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11789
Byggjekostnadene opp 0,3 prosent
statistikk
2007-03-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderfebruar 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 0,3 prosent

Dei totale byggjekostnadene for bustader steig med 0,3 prosent frå januar til februar i år. Materialkostnadene auka med 0,5 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månaden året før

Den siste månaden steig byggjekostnadene for einebustader av tre og bustadblokker med respektive 0,4 og 0,2 prosent.

Byggjekostnadene for bustader steig med 6,3 prosent frå februar i fjor til februar i år. Materialkostnadene har auka med 7,4 prosent i same periode. Siste året har kostnaden med å byggje einebustader stege mest, og er no 6,6 prosent høgare enn i februar i fjor. Kostnadene for bustadblokker er 5,8 prosent høgare enn den same månaden i 2006.

Lønnsstatistikk for 4. kvartal 2006 er teke inn i byggjekostnadene for februar, og arbeidskraftskostnadene viser ein vekst på 0,5 prosent frå januar til februar i år. Det er nedgang i kostnadene til administrasjon og drift som er årsaka til at dei totale byggjekostnadene har auka mindre enn materialkostnadene og arbeidskraftkostnadene siste månad.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  Februar 2007 Endring i prosent
  Januar 2007-februar 2007 Februar 2006-februar 2007
Bustader i alt1  128,7 0,3 6,3
Bustader i alt, arbeidskraft  133,6 0,5 6,3
Bustader i alt, materialar  128,4 0,5 7,4
       
Einebustader av tre  128,4 0,4 6,6
Einebustader av tre, materialar  127,3 0,5 7,7
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid  128,1 0,4 7,1
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar  126,4 0,4 7,8
       
Bustadblokker  130,9 0,2 5,8
Bustadblokker, materialar  133,9 0,5 7,3
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

Tabeller: