11785_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11785
Kraftig auke i prisane på trelast
statistikk
2007-05-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderapril 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kraftig auke i prisane på trelast

Dei totale byggjekostnadene for bustader steig med 1,5 prosent frå mars til april i år, medan materialkostnadene auka med 3,2 prosent i same periode. Det er prisauke på trelast som er hovudårsaken til kostnadsauken.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månad året før

Den siste månaden steig byggjekostnadene for einebustader av tre og bustadblokker med respektive 2,0 og 0,8 prosent. Materialkostnadene auka med respektive 4,0 og 1,9 prosent frå mars til april i år.

Byggjekostnadene for bustader i alt steig med 7,6 prosent siste året. Materialkostnadene auka med 10,4 prosent i same periode. Kostnadene med å byggje einebustader steig mest, med 8,5 prosent, medan kostnadene for bustadblokker auka med 6,3 prosent frå april i fjor til april i år. Ein må attende til 1980-talet for å finne same høge nivå på prisauken i byggjekostnadene for bustader.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  April 2007 Endring i prosent
  Mars 2007-
april 2007
April 2006-
april 2007
Bustader i alt1  131,1 1,5 7,6
Bustader i alt, arbeidskraft  133,6 0,0 6,3
Bustader i alt, materialar  133,3 3,2 10,4
       
Einebustader av tre  131,5 2,0 8,5
Einebustader av tre, materialar  133,1 4,0 11,4
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid  131,9 2,6 9,5
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar  132,6 4,3 11,9
       
Bustadblokker  132,2 0,8 6,3
Bustadblokker, materialar  137,3 1,9 8,9
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

Tabeller: