11783_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11783
Framleis auke i prisane på trelast
statistikk
2007-06-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadermai 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis auke i prisane på trelast

Dei høge prisane på trelast gjer det nå dyrt å byggje einebustader. Byggjekostnadene til einebustader har stige med 9 prosent siste året, medan bustadblokker har auka med 6,2 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månad året før

Dei høge trelastprisane har bidrege til at tømring og snikring av einebustader av tre har auka med 11,2 prosent siste året. Materialkostnadene til tømring og snikring av einebustader av tre har stige med 14,6 prosent i same periode.

Byggjekostnadene for bustader i alt steig med 7,9 prosent siste året. Materialkostnadene auka med 11,3 prosent i same periode. Siste månad steig byggjekostnadene for bustader i alt med 0,8 prosent, medan materialkostnadene auka med 1,1 prosent. Man må attende til 1980-talet for å finne same høge nivå på prisauken i byggjekostnadene for bustader.

Lønnsstatistikk for 1. kvartal 2007 er teken inn i byggjekostnadene for mai, og arbeidskraftkostnadene viser ein vekst på 0,7 prosent frå april til mai i år.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  Mai 2007 Endring i prosent
  April 2007-mai 2007 Mai 2006-mai 2007
Bustader i alt1  132,1 0,8 7,9
Bustader i alt, arbeidskraft  134,6 0,7 6,3
Bustader i alt, materialar  134,7 1,1 11,3
       
Einebustader av tre  132,7 0,9 9,0
Einebustader av tre, materialar  134,6 1,1 12,4
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid  133,2 1,0 10,2
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar  134,2 1,2 13,0
       
Bustadblokker  133,0 0,6 6,2
Bustadblokker, materialar  138,6 0,9 9,7
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

Tabeller: