11769_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11769
Byggjekostnadene opp 7,6 prosent
statistikk
2008-01-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderdesember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 7,6 prosent

Byggjekostnadene for bustader auka med 7,6 prosent frå desember 2006 til desember 2007. Frå november til desember i fjor steig byggjekostnadene med 0,3 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månad året før

Kostnadene for einebustader av tre auka med 8,5 prosent, medan bustadblokker steig med 6,2 prosent frå desember 2006 til desember 2007. Materialkostnadene for einebustader av tre og bustadblokker auka med respektive 11,2 og 7,9 prosent i same periode. Den høge veksten i materialkostnadene for einebustader av tre kan i hovudsak tilskrivast den kraftige veksten i prisane på trelast hausten 2006 og i første halvår 2007.

Høgaste årsvekst sidan 1988

Årsindeksen, berekna som gjennomsnittet av dei månadlege indeksane, viser at byggjekostnadene for bustader totalt auka med 7,4 prosent frå 2006 til 2007. Ein må tilbake til 1987 og 1988 for å finne ein høgare årsvekst i byggjekostnadene. For einebustader av tre og bustadblokker var årsveksten på respektive 8,2 og 6,0 prosent frå 2006 til 2007.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
 
 Desember 2007Endring i prosent
 November 2007-
desember 2007
Desember 2006-
desember 2007
 
Bustader i alt 1 136,80,37,6
Bustader i alt, arbeidskraft 140,20,05,5
Bustader i alt, materialar 137,70,110,0
    
Einebustader av tre 137,20,28,5
Einebustader av tre, materialar 137,70,111,2
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid 137,20,19,1
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar 137,30,011,7
    
Bustadblokker 138,10,46,2
Bustadblokker, materialar 141,60,17,9
 
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen