Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 0,4 prosent
Byggjekostnadene for bustader auka med 0,4 prosent frå desember i fjor til januar i år. Frå januar i fjor til januar i år steig byggjekostnadene med 7,1 prosent.
Den siste månaden var det byggjekostnadene til bustadblokker som steig mest, med 0,6 prosent. Tilsvarande kostnadsauke for einebustader av tre var 0,2 prosent. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader av tre steig òg med respektive 0,6 og 0,2 prosent. For begge bustadtypene var det materialkostnadene til grunnarbeid og elektrikararbeid som auka mest siste månaden.
Det siste året var det einebustader av tre som hadde den største kostnadsauken. Frå januar i fjor til januar i år steig byggjekostnadene for denne typen bustader med 7,5 prosent, medan tilsvarande kostnadsvekst for bustadblokker var 6,4 prosent.
Januar 2008 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Desember 2007- januar 2008 | Januar 2007- januar 2008 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt 1 | 137,4 | 0,4 | 7,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 140,2 | 0,0 | 5,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 138,2 | 0,4 | 8,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 137,5 | 0,2 | 7,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 138,0 | 0,2 | 8,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 137,4 | 0,1 | 7,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 137,5 | 0,1 | 9,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 138,9 | 0,6 | 6,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 142,4 | 0,6 | 6,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12