Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 7,2 prosent
Byggjekostnadene for bustader auka med 7,2 prosent frå februar i fjor til februar i år. Materialkostnadene steig med 7,9 prosent i den same perioden.
Det siste året har byggjekostnadene for einebustader av tre auka mest med 7,6 prosent. Tilsvarande kostnadsauke for bygging av bustadblokker var 6,6 prosent. Materialkostnadene for einebustader av tre og bustadblokker steig med respektive 8,6 og 6,6 prosent.
Frå januar til februar i år steig byggjekostnadene for bustader med 0,4 prosent, medan tilsvarande kostnadsvekst for materialar var 0,2 prosent. Lønnsstatistikk for 4. kvartal 2007 er teken inn i byggjekostnadsindeksen for februar, og er årsaka til at dei totale byggjekostnadene stig meir enn materialkostnadene. Arbeidskraftkostnadene steig med 0,8 prosent den siste månaden.
Februar 2008 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar 2008- februar 2008 | Februar 2007- februar 2008 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt 1 | 138,0 | 0,4 | 7,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 141,3 | 0,8 | 5,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 138,5 | 0,2 | 7,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 138,1 | 0,4 | 7,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 138,3 | 0,2 | 8,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 137,9 | 0,4 | 7,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 137,7 | 0,1 | 8,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 139,6 | 0,5 | 6,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 142,8 | 0,3 | 6,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12