11757_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11757
Størst kostnadsauke for bustadblokker
statistikk
2008-07-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderjuni 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Størst kostnadsauke for bustadblokker

Byggjekostnadene for bustadblokker steig med 0,4 prosent frå mai til juni i år, mens einebustader av tre hadde ein kostnadsauke på 0,1 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Materialindeksar for trelast, betong og armeringsstål. 2005=100

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månad året før

Materialkostnadene for bustadblokker steig med 0,8 den siste månaden. Auken kjem i hovudsak av sterk vekst i prisane på stålvarer. Ein reduksjon i prisane på trelast førte til at materialkostnadene for einebustader av tre berre steig med 0,1 prosent i den same perioden.

Frå juni i fjor til juni i år auka byggjekostnadene for bustadblokker og einebustader av tre med respektive 6,2 og 4,9 prosent. Materialkostnadene steig med 5,7 prosent for bustadblokker, og med 3,6 prosent for einebustader av tre.

Dei totale byggjekostnadene for bustader auka med 0,1 prosent frå mai til juni i år, mens materialkostnadene steig med 0,3 prosent. Frå juni i fjor til juni i år auka byggjekostnadene for bustader i alt med 5,4 prosent. Materialkostnadene steig med 4,4 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
 
 Juni 2008Endring i prosent
 Mai 2008-
juni 2008
Juni 2007-
juni 2008
 
Bustader i alt 1 139,50,15,4
Bustader i alt, arbeidskraft 141,90,05,4
Bustader i alt, materialar 141,30,34,4
    
Einebustader av tre 139,50,14,9
Einebustader av tre, materialar 140,10,13,6
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid 139,10,04,2
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar 139,1-0,13,3
    
Bustadblokker 141,50,46,2
Bustadblokker, materialar 147,40,85,7
 
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

Materialindeksar for trelast, betong og stål

Frå og med i dag er materialindeksar for trelast, betong og stål tilgjengeleg i ein eigen tabell. Dette er materialar med liten grad av tilarbeiding, og som derfor er ekstra følsame for svingingar i råvareprisane. Representantvarene og innbyrdes vekter er henta frå datagrunnlaget til byggjekostnadsindeksen for bustader. Til saman har desse varegruppene ei vekt på 13 prosent i den totale materialindeksen for bustader.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen