11755_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11755
Byggjekostnadene opp 0,3 prosent
statistikk
2008-08-15T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderjuli 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 0,3 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,3 prosent frå juni til juli i år, medan materialane hadde ein kostnadsauke på 0,4 prosent i den same perioden. Kostnadene til bygging av bustadblokker steig mest siste månaden.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Materialindeksar for trelast, betong og armeringsstål. 2005=100

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månaden året før

Frå juni til juli i år steig byggjekostnadene for bustadblokker med 0,3 prosent, medan dei for einebustader av tre auka med 0,1 prosent. Materialkostnadene steig med respektive 0,5 og 0,2 prosent for dei to bustadtypane.

Frå juli i fjor til juli i år auka byggjekostnadene for bustadblokker med 6,4 prosent, medan tilsvarande tolvmånadersvekst for einebustader av tre var 5,0 prosent. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader av tre steig med respektive 5,9 og 3,7 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadene for bustader i alt steig med 5,5 prosent frå juli i fjor til juli i år.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
 
 Juli 2008Endring i prosent
 Juni 2008-juli 2008Juli 2007-juli 2008
 
Bustader i alt 1 139,90,35,5
Bustader i alt, arbeidskraft 141,90,05,4
Bustader i alt, materialar 141,80,44,6
    
Einebustader av tre 139,70,15,0
Einebustader av tre, materialar 140,40,23,7
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid 139,30,14,3
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar 139,40,23,2
    
Bustadblokker 141,90,36,4
Bustadblokker, materialar 148,10,55,9
 
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

Materialindeksar for trelast, betong og stål

Materialindeksar for trelast, betong og stål er no gjort tilgjengelige i ein eigen tabell . Dette er materialar med liten grad av tilarbeiding, og som derfor er ekstra følsame for svingingar i råvareprisane. Representantvarene og innbyrdes vekter er henta frå datagrunnlaget til byggjekostnadsindeksen for bustader. Til saman har desse varegruppene ei vekt på 13 prosent i den totale materialindeksen for bustader.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen