Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 0,6 prosent
Byggjekostnadene for bustader auka med 0,6 prosent frå juli til august i år. Lønsstatistikk for 2. kvartal 2008 er teken inn i byggjekostnadene og er hovudårsaka til kostnadsauken.
Arbeidskraftkostnadene steig med 1,3 prosent frå juli til august i år, medan materialkostnadene auka med 0,1 prosent.
Kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker steig med respektive 0,6 og 0,8 prosent frå juli til august i år. Materialkostnadene for einebustader var uendra, medan bustadblokker auka med 0,2 prosent i den same perioden.
Frå august i fjor til august i år steig byggjekostnadene for bustader i alt med 5,7 prosent, medan materialkostnadene auka med 4,4 prosent i den same perioden. Kostnadene for bygging av einebustader av tre steig med 5,1 prosent, og bustadblokker auka med 6,6 prosent.
August 2008 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2008-august 2008 | August 2007-august 2008 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt 1 | 140,7 | 0,6 | 5,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 143,8 | 1,3 | 6,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 141,9 | 0,1 | 4,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 140,5 | 0,6 | 5,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 140,4 | 0,0 | 3,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 140,0 | 0,5 | 4,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 139,3 | -0,1 | 3,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 143,0 | 0,8 | 6,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 148,4 | 0,2 | 5,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Materialindeksar for trelast, betong og stålMaterialindeksar for trelast, betong og stål er no gjort tilgjengelige i ein eigen tabell . Dette er materialar med liten grad av tilarbeiding, og som derfor er ekstra følsame for svingingar i råvareprisane. Representantvarene og innbyrdes vekter er henta frå datagrunnlaget til byggjekostnadsindeksen for bustader. Til saman har disse varegruppene ei vekt på 13 prosent i den totale materialindeksen for bustader. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12