Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Inga endring i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader viste inga endring frå august til september i år. Materialkostnadene gjekk ned med 0,1 prosent i denne perioden.
Frå august til september i år steig byggjekostnadene for bustadblokker med 0,1 prosent, medan dei for einebustader av tre gjekk ned med 0,1 prosent.
Frå september i fjor til september i år steig byggjekostnadene for bustader med 5,4 prosent, medan materialkostnadene auka med 4,2 prosent i den same perioden. Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker steig med respektive 4,8 og 6,3 prosent.
September 2008 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2008- september 2008 | September 2007- september 2008 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt 1 | 140,7 | 0,0 | 5,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 143,8 | 0,0 | 6,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 141,8 | -0,1 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 140,4 | -0,1 | 4,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 140,3 | -0,1 | 3,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 139,9 | -0,1 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 139,2 | -0,1 | 2,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 143,1 | 0,1 | 6,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 148,4 | 0,0 | 5,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12