11741_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11741
Byggjekostnadene held seg stabile
statistikk
2009-03-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderfebruar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene held seg stabile

Byggjekostnadene for bustader auka med 0,1 prosent frå januar til februar i år. Arbeidskraftkostnaden steig med 0,7 prosent. Materialkostnadene gjekk derimot ned med 0,4 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månaden året før

Byggjekostnadsindeks for bustader. Materialindeksar for trelast, betong og armeringsstål. 2005=100

Byggjekostnadene for bustadblokker auka med 0,1 prosent frå januar til februar i år. Dei tilsvarande kostnadane for einebustader av tre steig i same perioden med 0,2 prosent.

Sterkt fallande stålprisar medverka til at materialkostnadene for bustadblokker fall med 0,6 prosent. Materialkostnadene for einebustader av tre gjekk ned med 0,2 prosent.

Lønsstatistikk for 4. kvartal 2008 er teken med i byggjekostnadene, og er hovudårsaka til kostnadsauken.

På årsbasis kan ein sjå at kostnadene for bustadblokker og einebustader av tre auka med respektive 3,4 og 3,0 prosent frå februar i fjor til februar i år. Materialkostnadene steig med 3,7 og 1,7 prosent i denne perioden.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
 
 Februar 2009Endring i prosent
 Januar 2009-
februar 2009
Februar 2008-
februar 2009
 
Bustader i alt 1 142,30,13,1
Bustader i alt, arbeidskraft 148,00,74,7
Bustader i alt, materialar 142,0-0,42,5
    
Einebustader av tre 142,20,23,0
Einebustader av tre, materialar 140,7-0,21,7
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid 141,60,22,7
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar 139,6-0,11,4
    
Bustadblokker 144,40,13,4
Bustadblokker, materialar 148,1-0,63,7
 
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen