Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 0,6 prosent
Byggjekostnadene for bustader steig med 0,6 prosent frå juli til august i år. Lønsstatistikk for 2. kvartal 2009 er teken inn i byggjekostnadene og er hovudårsaka til kostnadsauken.
Arbeidskraftkostnaden auka med 1,1 prosent frå juli til august i år, medan materialkostnadene steig med 0,4 prosent.
Kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker auka med 0,6 prosent frå juli til august i år. Materialkostnadene for einebustader av tre steig med 0,4 prosent, medan desse kostnadene for bustadblokker auka med 0,3 prosent i den same perioden.
Frå august i fjor til august i år steig byggjekostnadene for bustader med 2,1 prosent. Materialkostnadene auka med 0,6 prosent i den same perioden. Kostnadene for bygging av einebustader av tre steig med 2,3 prosent, men for bustadblokker auka utgiftene med 1,5 prosent.
August 2009 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2009-august 2009 | August 2008-august 2009 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt 1 | 143,6 | 0,6 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 150,3 | 1,1 | 4,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 142,8 | 0,4 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 143,7 | 0,6 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 141,8 | 0,4 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 143,2 | 0,6 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 140,9 | 0,4 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 145,2 | 0,6 | 1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 148,2 | 0,3 | -0,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12