Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader steig med 0,1 prosent frå oktober til november i år. Arbeidskraftkostnaden auka med 0,3 prosent, medan materialkostnadene steig med 0,1 prosent i denne perioden.
Byggjekostnadene for einebustader av tre auka med 0,1 prosent frå oktober til november i år. Dei tilsvarande kostnadene for bustadblokker var uendra i den same perioden.
Lønsstatistikk for 3. kvartal 2009 er teken med i byggjekostnadene for november i år.
Frå november i fjor til november i år steig byggjekostnadene for bustader med 1,5 prosent. Materialkostnadene auka med 1,2 prosent i den same perioden. Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker auka med høvesvis 2,0 og 0,6 prosent.
November 2009 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oktober 2009-november 2009 | November 2008-november 2009 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt 1 | 144,6 | 0,1 | 1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 150,7 | 0,3 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 144,5 | 0,1 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 145,0 | 0,1 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 143,8 | 0,1 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 144,7 | 0,1 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 143,0 | 0,1 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 145,6 | 0,0 | 0,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 149,3 | 0,1 | -0,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12