Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 0,6 prosent
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,6 prosent frå januar til februar i år. Arbeidskraftkostnaden steig med 1,3 prosent, mens materialkostnadene heldt seg uendra.
Kostnadene til bygging av bustadblokker auka med 0,7 prosent frå januar til februar i år. Kostnadene for einebustader av tre steig med 0,6 prosent i den same perioden.
Lønsstatistikk for 4. kvartal 2009 er teken med i byggjekostnadene for februar 2010 og er hovudårsaka til kostnadsauken frå januar.
På årsbasis auka kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,7 og 1,9 prosent frå februar i fjor til februar i år. Materialkostnadene steig med respektive 2,5 og 1,1 prosent i den same perioden.
Februar 2010 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Januar 2010-februar 2010 | Februar 2009-februar 2010 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 145,8 | 0,6 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 152,6 | 1,3 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 144,9 | 0,0 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 146,1 | 0,6 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 144,2 | 0,0 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 145,8 | 0,6 | 3,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 143,4 | 0,0 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 147,1 | 0,7 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 149,8 | -0,1 | 1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12