Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 0,3 prosent
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå juli til august i år. Arbeidskraftkostnaden steig samstundes med 0,5 prosent, medan materialkostnadene auka med 0,2 prosent.
Kostnadene til bygging av einebustader av tre steig med 0,3 prosent frå juli til august i år. Kostnadene for bustadblokker auka med 0,2 prosent i den same perioden.
Lønsstatistikk for 2. kvartal 2010 er rekna inn i byggjekostnadene for august, noko som er hovudårsaka til kostnadsauken frå juli.
Frå august i fjor til august i år gjekk kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker opp med høvesvis 3,3 og 2,8 prosent. Materialkostnadene steig med respektive 3,7 og 3,4 prosent i den same perioden.
August 2010 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2010-august 2010 | August 2009-august 2010 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt1 | 148,2 | 0,3 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 154,5 | 0,5 | 2,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 147,9 | 0,2 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 148,5 | 0,3 | 3,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 147,1 | 0,2 | 3,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 148,1 | 0,3 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 146,0 | 0,2 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 149,3 | 0,2 | 2,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 153,3 | 0,2 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12