53065_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
53065
Moderat auke i byggjekostnadene (Retta 18. mars 2011)
statistikk
2011-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustader15. februar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat auke i byggjekostnadene (Retta 18. mars 2011)

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå januar til februar i år. Arbeidskraftkostnaden auka med 0,6 prosent, mens materialkostnadene steig med 0,1 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Materialindeksar for trelast, betong og armeringsstål. 2005=100

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månaden året før

Retting 18. mars 2011

Det er blitt berekna for høge endringstal for arbeidskraftkostnadene i tala som blei publiserte 10. mars 2011. Dette har si årsak i feil som har oppstått i berekningane av arbeidskraftkostnadene for enkelte yrkesgrupper som inngår i byggjekostnadsindeksen. Alle tala i teksten, bortsett frå materialkostnadene, er derfor retta. Det er også gjort rettingar i tabellar, figurar og i Statistikkbanken. (18. mars 2011)

Kostnadene til bygging av bustadblokker auka med 0,5 prosent frå januar til februar i år. Dei tilsvarande kostnadene for einebustader av tre steig med 0,3 prosent.

Lønsstatistikk for 4. kvartal 2010 er teken inn i byggjekostnadene for februar.

Frå februar i fjor til februar i år gjekk byggjekostnadene for bustadblokker og einebustader av tre opp med høvesvis 3,9 og 3,6 prosent. Materialkostnadene steig med respektive 4,5 og 4,0 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 (Retta 18. mars 2011)
 
  Februar 2011 Endring i prosent
  Januar 2011-
februar 2011
Februar 2010-
februar 2011
 
Bustader i alt1 2151,2 20,3 23,7
Bustader i alt, arbeidskraft 2157,2 20,6 23,0
Bustader i alt, materialar 150,8 0,1 4,1
       
Einebustader av tre 2151,4 20,3 23,6
Einebustader av tre, materialar 149,9 0,1 4,0
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid 2151,1 20,3 23,6
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar 148,9 0,1 3,8
       
Bustadblokker 2152,8 20,5 23,9
Bustadblokker, materialar  156,6 0,3 4,5
 
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.
2  Retta 18. mars 2011.

Tabeller

Tabeller til publiseringen