53077_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
53077
Moderate endringar i byggjekostnadene
statistikk
2011-09-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustader15. august 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderate endringar i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,1 prosent frå juli til august i år. Arbeidskraftkostnaden steig med 0,6 prosent, mens materialkostnadene gjekk ned med 0,1 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Materialindeksar for trelast, betong og armeringsstål. 2005=100

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månaden året før

Lønsstatistikk for 2. kvartal 2011 er teken inn i byggjekostnadene for august og er hovudårsaka til kostnadsauken frå juli.

Frå august i fjor til august i år gjekk kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker opp med høvesvis 3,6 og 3,9 prosent. Også materialkostnadene auka for dei to bustadtypane, med respektive 3,9 og 5,0 prosent, i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
 
  August 2011 Endring i prosent
  Juli 2011-august 2011 August 2010-august 2011
 
Bustader i alt1  153,5 0,1 3,6
Bustader i alt, arbeidskraft  159,3 0,6 3,1
Bustader i alt, materialar  154,0 -0,1 4,1
       
Einebustader av tre  153,8 0,1 3,6
Einebustader av tre, materialar  152,8 -0,1 3,9
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid  153,5 0,1 3,6
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar  151,7 -0,1 3,9
       
Bustadblokker  155,1 0,1 3,9
Bustadblokker, materialar  160,9 0,0 5,0
 
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.
 

Tabeller

Tabeller til publiseringen