Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå april til mai i år. Arbeidskraftkostnaden auka med 0,6 prosent, mens materialkostnadene gjekk ned med 0,1 prosent i den same perioden.
Lønsstatistikken for 1. kvartal 2012 er medrekna i byggjekostnadene for mai, og bidrog særleg til kostnadsauken frå april.
Kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker gjekk opp med høvesvis 3,1 og 2,7 prosent frå mai i fjor til mai i år. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med 3,3 og 3,2 prosent i den same perioden.
Mai 2012 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2012-mai 2012 | Mai 2011-mai 2012 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt 1 | 157,5 | 0,3 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 163,5 | 0,6 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 158,3 | -0,1 | 3,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 157,9 | 0,2 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 157,3 | -0,1 | 3,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 157,8 | 0,3 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 156,1 | -0,1 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 158,7 | 0,3 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 164,9 | -0,1 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12