Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp 0,5 prosent frå oktober til november i år. Arbeidskraftkostnaden steig med 1,2 prosent, medan materialkostnadene auka med 0,1 prosent i den same perioden.
Lønsstatistikken for 3. kvartal 2012 er medrekna i byggjekostnadene for november, og bidrog særleg til kostnadsauken frå oktober.
Kostnadene for bygging av einebustader av tre auka 0,5 prosent frå oktober til november, medan kostnadene for bygging av bustadblokker steig med 0,7 prosent i den same perioden. Frå november 2011 til november 2012 auka byggjekostnadene for einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 3,1 og 2,9 prosent.
November 2012 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oktober 2012-november 2012 | November 2011-november 2012 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt 1 | 159,8 | 0,5 | 3,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, arbeidskraft | 166,9 | 1,2 | 3,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustader i alt, materialar | 160,5 | 0,1 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre | 160,3 | 0,5 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, materialar | 159,5 | 0,1 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 160,1 | 0,3 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 158,4 | 0,0 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker | 161,0 | 0,7 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustadblokker, materialar | 167,1 | 0,0 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12