Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,2 prosent frå mars til april i år. Materialkostnadene auka med 0,4 prosent i den same perioden.
April 2013 | |||
---|---|---|---|
Endring frå førre månad, prosent | Endring frå førre år, prosent | Indeks | |
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. | |||
Bustader i alt1 | 0,2 | 2,7 | 161,3 |
Bustader i alt, arbeidskraft | 0,0 | 3,2 | 167,7 |
Bustader i alt, materialar | 0,4 | 2,4 | 162,2 |
Einebustader av tre | 0,2 | 2,6 | 161,7 |
Einebustader av tre, materialar | 0,4 | 2,4 | 161,2 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 0,2 | 2,6 | 161,5 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 0,4 | 2,4 | 159,9 |
Bustadblokker | 0,2 | 2,8 | 162,7 |
Bustadblokker, materialar | 0,4 | 2,4 | 169,0 |
Frå april 2012 til april 2013 steig kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,6 og 2,8 prosent. Materialkostnadene auka med 2,4 prosent for begge bustadtypane i den same perioden.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12