Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,5 prosent frå januar til februar i år. Arbeidskraftkostnaden steig med 0,9 prosent, mens materialkostnadene auka 0,3 prosent i den same perioden.
Februar 2014 | |||
---|---|---|---|
Endring frå førre månad, prosent | Endring frå førre år, prosent | Indeks | |
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. | |||
Bustader i alt1 | 0,5 | 2,9 | 165,7 |
Bustader i alt, arbeidskraft | 0,9 | 4,2 | 174,7 |
Bustader i alt, materialar | 0,3 | 2,0 | 165,1 |
Einebustader av tre | 0,5 | 3,0 | 166,2 |
Einebustader av tre, materialar | 0,2 | 2,2 | 164,2 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 0,4 | 3,0 | 166,0 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 0,2 | 2,1 | 162,9 |
Bustadblokker | 0,5 | 2,7 | 166,7 |
Bustadblokker, materialar | 0,3 | 1,8 | 171,6 |
Lønsstatistikken for 4. kvartal 2013 er rekna inn i byggjekostnadene for februar 2014 og er dermed hovudårsaka til kostnadsauken frå januar.
Frå februar 2013 til februar 2014 steig kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med respektive 3,0 og 2,7 prosent. Materialkostnadene for dei same bustadtypane auka høvesvis 2,2 og 1,8 prosent i den same perioden.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12