140876_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/maaned
140876
Auke i byggjekostnadene
statistikk
2014-05-12T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false
Statistikken viser byggekostnadsindeksen for bolighus. Byggekostnadene for boliger økte1,1 prosent frå mars til april 2014.

Byggekostnadsindeks for bustaderapril 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 1,1 prosent frå mars til april i år. Materialkostnadene auka 2,3 prosent i den same perioden. Det er prisauke på trelast som er hovudårsaken til kostnadsauken.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
April 2014
Endring frå førre månad, prosentEndring frå førre år, prosentIndeks
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.
Bustader i alt11,13,8167,5
Bustader i alt, arbeidskraft0,04,2174,7
Bustader i alt, materialar2,34,1168,8
Einebustader av tre1,34,1168,4
Einebustader av tre, materialar2,64,5168,4
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid1,64,4168,6
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar2,74,6167,2
Bustadblokker0,53,1167,7
Bustadblokker, materialar1,63,2174,4

Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker steig med respektive 1,3 og 0,5 prosent frå mars til april i år. Materialkostnadene for dei same bustadtypane auka høvesvis 2,6 og 1,6 prosent i same periode.

Frå april 2013 til april 2014 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med respektive 4,1 og 3,1 prosent.