Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lita endring i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,1 prosent frå september til oktober i år og var 3,4 prosent høgare enn i oktober 2013.
Oktober 2014 | |||
---|---|---|---|
Endring frå førre månad, prosent | Endring frå førre år, prosent | Indeks | |
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. | |||
Bustader i alt1 | 0,1 | 3,4 | 169,0 |
Bustader i alt, arbeidskraft | 0,0 | 2,9 | 176,6 |
Bustader i alt, materialar | 0,2 | 4,8 | 170,2 |
Einebustader av tre | 0,2 | 3,7 | 170,1 |
Einebustader av tre, materialar | 0,3 | 4,6 | 169,9 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 0,2 | 3,9 | 170,3 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 0,2 | 4,7 | 168,7 |
Bustadblokker | 0,1 | 2,7 | 169,1 |
Bustadblokker, materialar | 0,3 | 3,5 | 175,8 |
Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker auka med 0,2 prosent og 0,1 prosent frå september til oktober i år. Materialkostnadene for dei same bustadtypane auka begge med 0,3 prosent i same periode.
Frå oktober 2013 til oktober 2014 steig kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med respektive 3,7 og 2,7 prosent.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12