Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp 0,3 prosent frå desember 2014 til januar 2015. Materialkostnadene steig med 0,8 prosent i same periode.
Januar 2015 | |||
---|---|---|---|
Endring frå førre månad, prosent | Endring frå førre år, prosent | Indeks | |
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. | |||
Bustader i alt1 | 0,3 | 3,3 | 170,2 |
Bustader i alt, arbeidskraft | 0,0 | 3,0 | 178,3 |
Bustader i alt, materialar | 0,8 | 4,2 | 171,5 |
Einebustader av tre | 0,3 | 3,5 | 171,2 |
Einebustader av tre, materialar | 0,6 | 4,3 | 170,9 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 0,4 | 3,8 | 171,5 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 0,6 | 4,3 | 169,6 |
Bustadblokker | 0,3 | 2,7 | 170,2 |
Bustadblokker, materialar | 0,9 | 3,7 | 177,4 |
Byggjekostnadene for einebustader av tre og bustadblokker auka begge med 0,3 prosent frå desember 2014 til januar 2015.
Frå januar 2014 til januar 2015 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 3,5 og 2,7 prosent. De tilsvarande materialkostnadene steig respektive 4,3 og 3,7 prosent i den same perioden.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12