Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lita endring i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,2 prosent frå september til oktober i år og var 2,4 prosent høgare enn i oktober 2014. Materialkostnadene steig med 0,3 prosent frå september til oktober i år.
Oktober 2015 | |||
---|---|---|---|
Endring frå førre månad, prosent | Endring frå førre år, prosent | Indeks | |
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. | |||
Bustader i alt1 | 0,2 | 2,4 | 173,0 |
Bustader i alt, arbeidskraft | 0,0 | 2,7 | 181,3 |
Bustader i alt, materialar | 0,3 | 2,7 | 174,8 |
Einebustader av tre | 0,2 | 2,5 | 174,3 |
Einebustader av tre, materialar | 0,4 | 2,7 | 174,5 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 0,3 | 2,6 | 174,7 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 0,5 | 2,7 | 173,2 |
Bustadblokker | 0,2 | 2,0 | 172,5 |
Bustadblokker, materialar | 0,3 | 2,7 | 180,5 |
Kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker auka begge med 0,2 prosent frå september til oktober.
Frå oktober 2014 til oktober 2015 steig kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 2,5 og 2,0 prosent. Dei tilsvarande materialkostnadene auka begge med 2,7 prosent i den same perioden.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12