Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
«I alt»-indeksene i kalkulatoren for perioden fra og med mai 2016 til og med desember 2016 ble rettet 14.2.2017.
Små endringer i byggjekostnadene
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,2 prosent frå desember 2016 til januar i år og var 3,3 prosent høgare enn i januar 2016.
Januar 2017 | |||
---|---|---|---|
Endring frå førre månad, prosent | Endring frå førre år, prosent | Indeks | |
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. | |||
Bustader i alt1 | 0,2 | 3,3 | 179,5 |
Bustader i alt, arbeidskraft | 0,0 | 2,4 | 185,8 |
Bustader i alt, materialar | 0,3 | 3,9 | 182,9 |
Einebustader av tre | 0,2 | 2,9 | 180,1 |
Einebustader av tre, materialar | 0,2 | 3,2 | 181,2 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 0,1 | 3,0 | 180,7 |
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 0,2 | 3,3 | 180,2 |
Bustadblokker | 0,2 | 2,9 | 178,4 |
Bustadblokker, materialar | 0,4 | 2,6 | 186,7 |
Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,2 prosent frå desember i fjor til januar i år, og både einebustad av tre og bustadblokk gjekk opp med 0,2 prosent i same periode. Materialkostnadene for einebustad av tre og bustadblokk auka med høvesvis 0,2 prosent og 0,4 prosent.
Frå januar 2016 til januar 2017 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med 2,9 prosent for begge bustadtypene. Dei tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,2 prosent og 2,6 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12