31875_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31875
Røyrleggjarkostnadene opp 1,1 prosent
statistikk
2001-10-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. september 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Røyrleggjarkostnadene opp 1,1 prosent

Dei totale byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 1,1 prosent frå august til september i år.

Lønnsstatistikken for 2. kvartal 2001 er teke inn i røyrleggjarkostnadene for september og medverkar til at byggjekostnadene for røyrleggjararbeid auka med 1,1 prosent frå august til september i år.

Frå september i fjor til september i år steig dei totale byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 6,0 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka i same periode med respektive 7,0 og 4,8 prosent.

Abonnementskort

Det blir trykt eit eige månadleg abonnementskort for indeksen. Kortet kan tingast hos Statistisk sentralbyrå, Sal- og abonnementservice, 2225 Kongsvinger og kostar 290 kroner i året.